Ditt uforgløymelege
selskap

Bryllaup – Jubileum – Bursdag

Din fest, vårt lokale

Hardingasete er ein perfekt stad for bryllaup og selskap.
Her kan me dekke for opp til 90 personar til bryllaupsmiddag og fest, og ta i mot opp mot 75 personar til overnatting.

Middagssalen ligg i Bergeløa; ei stor løe frå 1860. Her har me bar med alle rettigheiter. Festlokalet finn du i Aarraløa. Her har me dansegolv, moderne AV utstyr, wifi, bar, bibliotek og galleri.

Stemning

Husa hos oss er restaurerte i gamal stil og byggjeteknikk. Sidan husa/hyttene har ulike storleikar, frå 2 til 35 overnattingsplassar, kan brudeparet sjølve bestemma korleis gjestane skal innlosjerast. Brudeparet for mogelegheit til å setje sitt personlege preg med eigen pynt og vil vere ein del av vertskapet denne helga eller dagen.

Dei mange gamle husa som er flytta til staden, er innreidde med antikvitetar, men inneheld samstundes alt av dagens komfort og med moderne bad og kjøkken.

Me kan skreddersy ein pakke til ei kvar anledning