Opplevingar

På Hardingasete finn du eit rikt mangfald av opplevingar.
Me prøver å skreddarsy opplegg til det du måtte ynskje.

Vedfyrte stampar

Frampå ein bergknaus med utsikt utover fjorden har me tre vedfyrte stampar av den gode gamle sorten. Stampane vert klargjorte på førespurnad og er ein særs populær aktivitet før middag.

Badstove

Me tilbyr ei vedfyrt badstove som eit naturleg stopp etter eit forfriskande bad i fjorden. Denne er fin å kombinera med stampane sidan dei ligg attmed einannan.

Sidersmaking med historie

Som ein triveleg aktivitet før middag kan me arrangere sidersmaking. Her får ein servert eigenprodusert sider, saman med anna lokal sider frå Hardanger. Samstundes kan ein få fortald historiar om sider og Hardingasete.

Teambuilding

Me kan tilby eit opplegg for teambuilding for åtte til 100 personar med varierte aktivitetar som passar for alle.

RIB Safari

Opplev Hardangerfjordens spektakulære landskap frå raske rib båtar. Me samarbeider med Hardangerfjord Adventure. Sjå link for meir info.

Turar

Nærområdet byr på turmoglegheiter frå blanke fjorden til høge fjell som passar for alle og ein kvar.


Ta kontakt så tilpassar me aktivitetar etter dykkar ynskje